Eit eldorado sommar som vinter

Naurak har mykje å by på av opplevingar gjennom alle årstider og eit yrande dyreliv såvel i sjøen som på land.
Berre eit steinkast frå hyttefeltet ligg innsjøen Nisser med unike høve til å fiske. Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. På sommarstid er Nisser heilt fantastisk å opphalde seg ved. Nisser er den største innsjøen i Telemark, og eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell.
Det er bryggjeanlegg i hyttefeltet med båtplassar til leige .

Flotte løyper frå hytteveggen – ski inn/og ut

Frå hyttefeltet er det allereie merka turløyper og det er planlagt fleire løyper. Vinteren 2018 kom det istand skiløyper som startar frå hyttefeltet og går om lag 4 km innover i terrenget, tråkka med tråkkemaskin. Det er også regulert inn område for skibakke med taugtrekk/skiheis i tilknyting til hyttefeltet

Store opplevingar i fjellet

I nærleiken av Naurak kan me anbefale Kronfjell, Allambergknatten og Langfjell som turmål. Frå toppane er det fantastisk utsikt utover Nisser, snaufjellet og Fyresdalsheiane. Er du heldig kan du skimte havet på klåre dagar. Nissedal er dessutan eit eldorado for svaklatring for heile Skandinavia

Eit område med alle fasilitetar

Skogsbilveg og traktorvegar kan brukast som tur- og skiløyper
4 km oppkjørte løper
Fantastiske turområde på fjellski
Randonekjøring
Fjellklatring
Småviltjakt
Fantastiske badestrendar og flotte svaberg langs Nisser 
Båtsport/kajakk er populært 
Fiske i Nisser og heivatn

Kontakt oss gjerne for meir informasjon om hyttefeltet og Nissedal!

Kontakt